Blindheim, Ålesund

Ørjan Engedal, norgeshistorien.no:

«For 3700 år sidan, ved Rhinen sine kjelder, høgt i dei sveitsiske Alpane: ei sverdklinge med grep og naglar vert modellert i voks. Figurane vert de­ko­re­r­te, varsamt pakka inn i eldfast leire og varma opp til glødande raudt. Opp i støypeforma tømmer dei så ei 1100 grader varm kvitglødande blande ‒ frå kopargruvene i Alpane og tinngruvene i England.

Løyst frå støypeforma, polert og skarpslipt, reiser sverdet 180 mil mot nord, før det endar bronsealderlivet sitt under ein berghammar på Sunnmøre. I det andre livet – museumslivet – lever Blindheimsverdet som ein av dei eldste handfaste restane av kontakten med Europa.»